Reisebetingelsar

Innleiing

WestAuto AS sine vilkår baserer seg på «Lov om pakkereiser» av 25. august 1995, samt de pr. 1. oktober 1997 vedtekne «Alminnelige vilkår for pakkereiser» i samarbeid mellom Den Norske Reisebransjeforeining og Forbrukerombudet. Det tas forbehald i eventuelle endringar i vilkåra.

 

Påmelding og betaling

Påmelding foretas per telefon, e-post, eller brev. Påmeldinga er bindande ved motteke bestillingsbekreftelse. Denne sendast ut via brev, eller e-post. I tillegg til bekreftelsen får kunden tilsendt 2 fakturadelar samtidig; ein for depositum, og ein for sluttbetaling. Å ikkje betale depositumsfaktura, reknast ikkje som avbestilling. Dette skal skje skrifteleg, eller munnleg. Depositumet trekkast frå frå på hovudfaktura. Når denne er betalt, gjelder dette dokumentet som deltakarbevis. Kunden må alltid kontollere at mottatte reisebevis og fakturaer gjelder rett tur, dato og påstigningsstad, slik at dette stemmer med bestilling. Hvis feil oppdagast, må WestAuto AS kontaktast umiddelbart.

 

Pass/visum – Schengenavtalen

Det er viktig å ha gyldig pass på alle turar utanfor Noreg, sjølv om pass ikkje er påkravd i land tilknytt Schengenavtalen. Pass er einaste gyldig legitimasjon utanfor Noreg. Barn må også ha gyldig pass. WestAuto AS viser gjestar med utanlandsk pass om å undersøke visumplikt ved deira respektive lands ambassade, eller Utanriksdepartementets visumavdeling.

 

Avbestilling

Ved avbestilling fram til 42 dagar før avreise, betalast eit administrasjonsgebyr på kr. 150,- pr. person

Ved avbestilling 42-30 dagar før avreise, vert depositumet for turen belasta.

Ved avbestilling 29-15 dagar før avreise, vert 50% av turprisen belasta.

Ved avbestilling 14-0 dagar før avreise, vert 100% av turprisen belasta.

Vi anbefalar våre gjestar å teikne avbestillings- og reiseforsikring via sitt forsikringsselskap.

 

Prisendring

Prisane inkluderer dei ytelsar som er nemnt for kvar enkelt tur (spesifisert i faktura, eller på ordrebekreftelse). Grunnlaget for våre prisar er valutakursar, pris og avgiftsnivå på pruduksjonstidspunktet. Vi forbeheld oss retten til prisforandringar dersom uventa ruguleringar skulle oppstå, men dette kan ikkje seinare enn 20 dagar før avreise. Aukar prisen med meir enn 10%, kan den reisande avbestille turen kostnadsfritt. Dette forutsetter at kunden seinast 7 dagar etter at melding om prisstigning er mottatt på den reisandes adresse, gir WestAuto AS beskjed om at de ynskjer å benytte seg av hevingsretten.

 

Innstilling av reise

Ein tur kan kansellerast av WestAuto AS dersom:

-          Det ikkje er påmeldt tilstrekkeleg antall deltakarar. Kansellering må skje seinast 14 dagar før avreise.

-          Det inntreffer forhold som WestAuto AS ikkje er herre over. For eksempel fare for krig, naturkatastrofer, arbeidskonflikter, epedemier/pandemier, eller liknande.

-          Forhold på reisemålet, eller reiseruten som gjer det risikabelt, eller urimeleg å gjennomføre turen.

 

Eventuelle klager/tvistar

Dersom den reisande har grunn til å klage på gjennomføringa av turen, skal forholdet umiddelbart takast opp med reiseleiar/sjåfør, som skal prøve å rette på saka. Reklamasjonar som krev behandling etter heimkomst, må  innklagast skrifteleg seinast 14 dagar etter turens avslutning. Vert partane ikkje einige, kan saka klagast inn for Reklamasjonsnemda for Selskapsreiser, seinast 4 veker etter endeleg svar frå WestAuto AS.

WestAuto AS tek forbehald om eventuelle trykkfeil i turkatalogen, dette gjeld også endringar i prisar, valutakursar, betingelsar, skattar og avgifter som måtte oppstå etter at katalogen er trykt, eller ordrebekreftelse er sendt.

 

Deltakaransvar

Ein kvar deltakar er sjølv ansvarleg til å møte opp til avtalt tid og stad ved reisas start. Deltakar skal vere sjølvhjelpt. Reiseleiar og sjåfør er med for heile gruppas skuld, og kan ikkje ta seg særs av enkeltpersonar. Gjestane pliktar å rette seg etter dei bestemmelsar som gjeld for reisa; dvs. ordensreglement på hotell, ferjer og annet. Samt dei angitte anvisningar om frammøtetid- og sted, og pålegg som må gis ved eventuelle uforutsette hendelsar. Gjestane må ikkje opptre på ein måte som er til sjenanse for medreisande, eller skape praktiske, eller sikkerheitsmessige problem for arrangøren. Ein kan bli avvist ved reisas start, dersom oppførsel, eller tilstand ikkje står i stil med krava i dette punktet. Grove brot som oppstår etter at forholdet er påtalt, gir arrangøren rett til å nekte vidare reise. Arrangøren  har då ingen ansvar for dei ekstrautgifter som påløper. Gjestar kan ved grovt brot på bestemmelsar, bli gjort erstatningsansvarleg for tap, eller ekstrautgifter som vert påført arrangøren.

 

Bagasje

Ein kvar deltakar er sjølv ansvarleg for si eiga bagasje. Husk å medbringe det som skal brukast undervegs på reisen i håndbagasjen. Ved ei båtreise kan det være lurt  med ein liten bag/sekk, så slepp man ein stor koffert om bord. Om rullator skal tas med, ber vi om at det gis beskjed om dette på førehand, av hensyn til bagasjeplass. Husk å sette på bagasjelapp med navn, adresse og telefonnummer. WestAuto AS er ikkje ansvarleg for skada, eller bortkomen bagasje.

 

Gjengløymd

Kontakt oss dersom du har gløymd noko i bussen etter ei reise med WestAuto AS. Attgløymde ting kan hentast her hos oss i kontortida, eller sendast i oppkrav mot Postens satsar.